Prøyssen!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

No ligg ho der paa sine Syndaverk
di Junkarhurv og alt det fine Herk,
nyst saag me Enden paa ditt Skrøyt og Skraal,
du «Herre-hus», som tynte andres Maal
- din «Storsjø-flòte» tevjar róten Kaal!

For du var hard og naadelaus som faa,
du kunde berre smeisa til og slaa,
aat andre laga du eit veldugt Ris
men Briten tok deg paa den rette Vis,
ja, det var Gut, som lærde deg - Eksis!

Ja, det var Kar, som lærde deg aa skyna,
at andre og hev Manna-vit i Haus,
du rekna ut, det skulde godt seg løna
aa gjera Ufred, hækne Junkar-schmauss,
men Briten greidde Biffen - ut - heraus!

Dei kom fraa vest med fagre Fridoms-stjerna
i høge Mast - daa datt du reint i Fisk,
dei vilde Smaafolk imot Valdsmenn verna
og fria dei fraa prøyssisk Hundepisk.
Det var den siste Lusing - den var frisk!



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.