Kristen dåp

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du vart døypt, med ord og vatn,
og du fekk eit namn på kjøpet.
Dei som bar deg heitte fadrar.
Prest er den som kan å døype.

Presten jobbar i ei kyrkje,
der kan alle Jesus tilbe.
Han baud om at alle ungar,
skulle koma til hans gilde.

No har du blitt ein av mange,
i hans store flokk i verda.
Kyrkjelyden tok imot deg,
ynskjer deg alt godt på ferda.

Soleis gjekk det til i dåpen,
du var midtpunktet på festen.
Du vart ein av Jesu vener.
Og så fekk du namn, forresten.


ifra samlingen Brukslyrikk. Fra vugge til grav. av Hans Anton Grønskag.


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.