Til val!
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkDet lakkar imot val paany,
og no det gjeld ei merke-sak.
Fram alt, som bid i bygd og by
med vidsyn og med ryggen rak!
Dei stogga vil for aar og dag
vaart væne maal i vokstren frid,
dei bur seg paa eit hovudslag
- som fyrr mot heimleg aand i strid!
Paa eine sida mykje gull,
men liti tru paa Norigs magt,
og beint imot, med barmen full,
han Aasmund bleik paa vardevakt.