Ved baara aat ein ungdoms-førar

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Tungt aa samlast ved di kista
- du, som var so ung, av aar -
fagna-gut me her hev mista,
frendar kjenner saknad saar.
Att me stend i sorgfullt lag,
hav takk for aIt fraa fyrste dag!

Glødde for mor Norigs æra
- vyrd som fyrr i gamall tid -
fridoms-merket fram aa bera
var for deg ein heilag strid.
Graset grønkast i ditt spor,
sov tryggt, vaar ven, i heimleg jord!



ifra Heimlege tonar av Hans Reynolds. Utgitt i 1911.