Fiskarvise

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

av Ivar Aasen

Fiskarinn fær ut paa Sjøn,
Seer paa Vikja, seer paa Bøn,
Kur hann treffe kann best frampaa Leite.
Itte Midaa hann rør,
Aa te Botna kjenn' ann før,
Hann veit alle dei Skalla aa Veite.

Tænkje paa dæ rike Hav,
So so maangei Byrsle gav,
Paa denn flødand' aa fellande Lukke,
Paa Rikdom aa paa Magt
Aa paa Armod aa Foragt
Aa paa dei, so ti hinne maa sukke.

Lukkaa, ho æ Fiskja lik:
Naar ho vil, bli Manninn rik,
Naar ho vanta, forgjæves me stræve.
D' æ Synd ti denn so vil
Læggje Mod aa Mandom til
Aa hev' inkje fyr' Alt kva han græve.

Sume felle Væra til,
Dei faa Alting so dei vil,
Kva dei ynskje, dæ verte dei give;
Dei ha maangeinn Hjelpesmann
Aa dei sjøle hjelpe kann;
Fyre Slik' æ dæ Moro te live.

Sum' æ fødd i Fatigdom,
Ælst op ti ett usselt Rom,
Træla vekk sine friskaste Dage;
Om einn Heim dei se faa,
Vil dæ endaa meir staa paa;
Dei faa altid sit Lass til aa drage.

Slikt kann Ingjinn rette paa,
So he gaatt aa so vil gaa
Fraa dei fysste til seinaste Tide.
D' æ godt, at Einnkvann
Vart einn lukkelege Mann,
So kann Sume ha godt til aa lide.

Denn, so æ mæ lite vand',
Æ fornøgde mæ si Stand.
Dær æ Von i ei viisle' Bestyring.
Naar Menneskjaa vil,
Kann ho store Ting faa til;
Dær æ Lagnad i Menneskjens Styring.

Denn, so he denn rette Art,
Æ fornøgde mæ sinn Part
(Aa Fornøiels' æ grumaste Tingjinn),
Hann aavunda 'kje denn,
So fekk Tvo, naar hann fekk Einn,
Aa vanvyr' ikkje denn, so fekk Ingjinn.

Slikt aa meir hann tænkje paa,
Mæ hann seer ut paa dæ Blaa,
So i Djupa so maange Ting gjøime.
Naar Mund' æ forbi,
Fær hann heim mæ sit Fiskri,
Aa sit Vaas aa si Møde hann gløime.