|
|
Linje 5: |
Linje 5: |
| | | |
| Se også [[:Kategori:Hangroen|Kategori:Hangroen]] | | Se også [[:Kategori:Hangroen|Kategori:Hangroen]] |
− |
| |
− | DET HJELPER Å GÅ!
| |
− |
| |
− | <dikt>
| |
− | Eg er ingen Dante Alighieri.
| |
− | Eg kan ikkje gripe handa til gamle Vergil
| |
− | og be om rettleiing og stød gjennom Dødsrike,
| |
− | dalen der alle skuggane held til.
| |
− | Eg kan berre lye til hass røyst når han seier, at den varmaste staden i Helvete
| |
− | er reservert for dei som held seg nøytral
| |
− | gjennom alle kriser.
| |
− | Eg kan ikkje vera viss på at den som ventar der framme i lyset
| |
− | er salege Beatrice,
| |
− | ho som skal leie meg siste råsa opp til Paradis.
| |
− |
| |
− |
| |
− | Eg er ikkje Olav Åsteson
| |
− | som vaknar 13. dag jul, og er trugg blant vener,
| |
− | sette over kaffien, og kunne tala om ferda ned i våre avgrunnar og mørke botnar
| |
− | som om det var ein real dagsmars, avmerka i vegboka
| |
− | som severdighet.
| |
− |
| |
− | Kvart menneskje er eit landskap av lys og redsle.
| |
− | Det går inga akse av ondskap som skil folk frå folk, land frå land.
| |
− | Eg lyer til ironien hos Jean-Paul Sartre:
| |
− | ”Helvete er dei andre.”
| |
− |
| |
− | Nei, det går ein akse gjennom oss sjølve,
| |
− | som eit tungt og glødande sverd gjennom svelg og innvollar,
| |
− | eit sverd vi må bera med oss
| |
− | om vi så vil leva livet fleire gonger.
| |
− | Og enno ein gong høyrer eg Vergils røyst:
| |
− | ”Kvar av oss ber sitt eige Helvete.!”
| |
− |
| |
− | Likevel hører vi klangen.
| |
− | Som ei ørlita klokke, ei tingularia gjennom natta:
| |
− | ”Den som ikkje har sett mørkre,
| |
− | kan ikkje skile lyset frå skoddegrå morgondis.
| |
− | Den som ikkje har fare gjennom natta,
| |
− | kan ikkje høre ottesongen.”
| |
− |
| |
− | Eg går mine eigne bakkar,
| |
− | men dette sverdet dreg eg med meg.
| |
− | Skarpt og tungt.
| |
− | Og denne klokka skal eg lye etter,
| |
− | så lenge eg går.
| |
− |
| |
− | Lat oss gå.
| |
− | Det hjelper å gå.
| |
− |
| |
− |
| |
− | </dikt>
| |
− |
| |
| | | |
| {{forfatter | | {{forfatter |