Hugen

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

av Ivar Aasen

Hugen fer so vida
millom Von og Kvida.
Myket kjemer til, som ingen hadde spaatt,
myket kjemer stort, og verder sidan smaatt.
Hugen fer so vida.

Hugen fer som Daaren,
drøymer stødt um Faaren.
Fram i Vegen, trur eg, er ein Bakke bratt;
naar eg kjemer der, so er det berre flatt.
Hugen fer so vida.

Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.

Hugen fylgjer Tidom,
trøyttest ut av Stridom.
Naar eg ser, eg inkje Huset større fær,
gjerer eg meg nøgder med det, som det er.
Hugen fer so vida.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt