Vit og tru

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

av Ivar Aasen

Me høyra stundom so stort eit Ord
um alt, som Folk tykkjast vita
um Liv og Lagnad, um Himmel og Jord
og alt, som Mann kan gita.
Eg ottast, alt, som me vita fullt,
er litet mot alt, som fyr' oss er dult.

Eit Frækorn fell av eit Tre i Mold,
det sjølv til eit Tre seg lagar
med diger Stuv og med fager Koll,
som høgt i Vinden svagar.
Kven vilde vel tru, naar han ikkje saag,
at all den Kraft inn-i Frækornet laag?

Me sjaa kring um oss eit Liv so rikt,
i tusund Skap det seg rører.
Det unge Dyr er det gamle likt,
og lystigt sitt Liv det nører.
Kvat er detta Livet? Kor kom det der,
og kvar verd det av det, naar ut det fer?

Me sjaa ei Sol, som sender oss Dag
og jamstødt søkker og spretter.
Det gjenger kvart Aar med same Lag,
med Vaar og Sumar og Vetter.
Kor lenge gjekk det vel so som no?
Kor lenge skal det vel ganga so?

Me sjaa uti Rømdi so stor ein Kring,
der Stjernor i Natti yrja;
og Vetterbrauti stend som ein Ring,
der framande Himlar byrja.
Seg, er der vel einstad ein Ende paa?
Og kvat er so utanfyr' Enden daa?

Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til.
Ei Tru maa stydja upp-under, -
ei Tru, som trøysta og styrkja vil
i myrke, stormande Stunder.
Eg vonar, den Viisdomen hjelper mest,
som med slik ei Tru kunde semjast best.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt