"Lista"

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Og straks der vestantil Lindesnes
        det er ei Bygd, heiter "Lista".
Det er ei Bygd, der det tyt og blæs,
        og der dei hev "ingja Kvista".
Men Taren kransar den langa Rand,
der Havet bryt seg mot Lister-Strand.

Og Maasen flyg yver Saltan Sjo
        og flagsar med sine Vengjer.
Og Lister-Baaten gjer likaso,
        der fram han ber sine Drengjer.
Og Baaten stoggar paa Bylgje-Veg,
og Fisken nuppar, og Drengen dreg.

Og "Lista" ligg, der du frampaa gjeng
        som Bakste-Fjøli so flat, ja.
Og der er Aaker, og der er Eng,
        - so Folk, dei fær seg no Mat, ja.
Og der er Øykjer og Kyr og Sau,
og Lyng og Rullestein er der au.

Og Lister-Himlen er vid; og naar
        det inkje er nokor Sky paa,
so kvelver han seg so blank og klaar,
        til han tek Hatten av Bly paa.
Og Torve-Røyken or Pipa fyk,
der Lister-Buen sin Skorstein ryk.

Og Lister-Buen er heller sein,
        og sprakar inkje av Yngdi.
Men endaa hev han i Nosi Bein,
        og kjem han, sig han med Tyngdi.
Og alt i alt, vil eg leggja til,
er Lister-Buen og "Lista" gild.

av Per Sivle.


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.