Eirik Jarl

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Han Eirik Jarl
var Mannen du saag
        som gjævaste Kjempa
        i Hjørungavaag.
Og so vert truande
        Soga fortald:
der berga han Noreg
        or Jomsviking-Vald.

Han Eirik Jarl
ved Svolder det er,
        som høgg os vaart Noregs
        Hjarta so nær,
feller Riket
        og fantar det ut,
so Svensken og Dansken
        fekk kvar sin Lut.

Men baketter var det,
som bleikna han av,
        - til sidan han utanlands
        fekk seg ei Grav.
- Det ringjer til Likferd
        i Bringa paa han,
som høgg sitt Sverd
        i sitt Fedraland.

av Per Sivle.


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.