Paa Solsida

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det var Solkverv igaar,
        det var Solkverv igaar,
- hei hopp, hipp hipp, hurra!
        Og sjaa dermed so snur
        det seg atter til Vaar.
Hei hopp, hipp hipp, hurra!
        Herregud kor den Soli ho gyller paa Snjo!
        Og ho tykkjest meg blenkja so nytvegi no,
        og ho smiler mot Joli so livande glad.
- Hei hopp, hipp hipp, hurra!

Her skal grønkast og gro,
        her skal grønkast og gro,
- hei hopp, hipp hipp, hurra!
        Jau, for Soli kjem atter
        med Bota-von no.
Hei hopp, hipp hipp, hurra!
        Burti Bakken skal Blomen faa sola seg enn,
        medan Lerka og Sysvort skal tralla igjen,
        og fortelja, at Verdi igrunnen er bra.
- Hei hopp, hipp hipp, hurra!

av Per Sivle.


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.