Ferdamann

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg vanka paa Foten so vida ikring
    yver Stokk, yver Stein;
        eg fekk Støyt, eg fekk Mein,
— og stundom so fekk eg no slett ingen Ting.
    — „Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!“
    sa ho gamla Gro Brøyta.

Eg bygde meg Skuta, eg styrde ho sjøl.
    Men so siglde eg paa,
    miste Ror, miste Raa
og fekk vera glad, at eg flaut paa ei Fjøl.
    — „Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!“
    sa ho gamla Gro Brøyta.

Eg smidde meg Vengjer, flaug til og ifraa.
    Men som kvassast eg flaug,
    jau, so sa dei, eg laug,
og sume, dei kalla meg Diktar, attpaa
    - - „Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!“
    sa ho gamla Gro Brøyta.


Ris, ros og synspunkter
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.




Viser og kvad (av Per Sivle)
Per Sivle - Viser og kvad - forside.png