Varde

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det høyrdest ved Nott
      eit Dunder paa Dør.
Og Husbonden vaknar,
      spring fram og spør:
„Kva er det, som bilar?"
      „Jau, no maa de ut!
for Varden lyser
      paa Høgenut!"
Og kvar Mann visste
      i same Ande,
at no var det kome
      Ufred til Landet.

Og Mennerne Herklæde
      paa seg tok,
og Skjold og Øks
      dei lyfte fraa Krok,
dei hekta i Belte
      sitt goda Sverd,
treiv Spjot og Boge
      og skunda til Ferd.
For kom det dei,
      vilde Noreg herja,
so fanst det og dei,
      som vilde det verja.

Og alt som Varde
      fraa Varde vart tend,
dei sanka seg saman
      fraa Grend til Grend.
Og Fylkingen bygdest,
      og Veg han fann,
der fyre gjekk Hovding
      og Merkesmann.
Og Ufreds-Karen
      fekk jamnan smaka,
kva det hev paa seg,
      at Vardar vaka.

Og gjev det aldri
      maa verta sagt,
at Landet ligg
      utan Varde-Vakt.
Og logar kje Varden
      paa Tind og Nut,
han logar i Hjarta
      hjaa Noregs Gut.
Ja, brenn, du Varde,
      du signade, klaare,
bjartare, høgre
      fyr kvart eit Aaret!




Viser og kvad (av Per Sivle)
Per Sivle - Viser og kvad - forside.png