Olav och erla liti
Olav gjekk reika
paa Tunet ein Dag
og minte seg Ting
av ymse Slag.
Ja, der stod Fjøset,
— det var det sama,
og Stabburet med,
og Løda derframa.
Men der saag han noko,
som inkje var fyrr;
fyr Laaven var kome
ei nylaga Dør.
Han hugsa nok den,
som fyrr hadde vore,
med Rune-Namnet
han sjølv hadde skore.
Og der kjem Erla
dertande fram.
Han dreg seg til Minnes,
kor halvt ho var tam,
og so kor trutt
hennar Ungar han mata,
og kor han for hennar Skuld
Katten hata.
Erla liti ho kjem seg
ein Dag i Vaar
og set seg paa Gjerde-Stein.
Erla liti attende
til Noreg traar
og kjem no so tvegi og rein.
„Kvitt!—Kvitt!“ segjer Erla liti.
Ho vippar med Velet,
ho flagsar med Veng,
og hoppar paa Tunet inn.
Og som der so snerti
ho trippar og gjeng,
ho gjer baade leitar og finn.
„Kvitt!—Kvitt!“ segjer Erla liti.
So nappar ho Fly,
so nuppar ho Makk,
— det er fulla smakandes Ting!
Og alt i eitt
legg ho Halsen skakk
og ser seg so kvat ikring.
„Kvitt!—Kvitt!“ segjer Erla liti.
For Kattepus ligg seg
paa Laave-Bru,
— han er no so løynsk ein Kar:
og Katten han er
slett inkje aa tru.
Men Erla — jau Takk, ho er var!
„Kvitt!—Kvitt!“ segjer Erla liti.
Erla liti ho flyg
uppaa Laave-Tak,
— det er no so høg ein Tram.
Og der er ho trygg,
der gjeng ho so spak
og dertar seg att og fram,
„Kvitt!—Kvitt!“ segjer Erla liti.
So kved ho ein Vise-Stubb,
rein og vak,
og glitrar so kvit og blaa.
So reider ho Reir
under Skytje-Tak,
— der el ho dei Erl-Ungar smaa.
„Kvitt!—Kvitt!“ segjer Erla liti.
Og Lerka og Staren
hev Tru so snøgg,
at stundom paa Livet det gaar.
Men Erla ho er
so grannsam og gløgg,
at kjem ho, ja daa er det Vaar.
»Kvitt!—Kvitt!“ segjer Erla liti.
Ja, ut ifraa Noreg
for Olav som ho,
og sidan heim
yver saltan Sjo.
Aa, den som kunde,
kva det so hende,
koma so tvegi
som Erla attende!
|
|