A. T. Holst

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk
A. T. HOLST. (FØDSELSDAGS-HELSING.)

Og skulde det vera mitt seinsta Kvad
        i Manna-Lag,
eg veit, at eg endaa gav det so glad
        til deg idag,
- du gamle Kulten, som stødt hev vore
den unge Sonen av Eidsvolls-Aaret.

Just i ei Tid som vaar,
        so moki og floki og merglaus og saar,
- det er meg ei Gleda, det er meg ei Trong
                Gong etter Gong
                aa minnast,
at slike Karar som du kann finnast.

Eg veit, at Livet tok daa og ender
slett inkje paa deg med mjuke Hender.

Eg veit, at du stod fraa din Ungdoms Vaar
eismall og urædd, der enno du staar
som Framtids-Varde paa Drammens-Heidi,
beint imot Vinden, synande Leidi.

Men Rygg, som var rakare,
friskare Vilje og Livstru strakare,
det veit eg og, at hjaa annan ein Mann
likavæl aldri eg fann.

Og just i ei Tid som vaar,
so moki og floki og merglaus og saar,
med Ryggen so tidt baade bøygd og veik,
med Viljen dovna og Voni bleik,
er du, ja, du er som ei einaste Preik.

For det skal du vita, at millom Menner
er du den heilaste Mannen eg kjenner.

Og difor det er meg ei Gleda, ei Trong
        atter ein Gong
aa kunna helsa i Vena-Lag
Minnet um honom, din fyrste Dag,
fem og sjauti Aar attende,
        daa du byrja Ferdi
gjenom det bakkute Lende
        i denna Verdi.

Dine kvite Haar,
        di langa Rad av skiftande Aar
        gjerer, at endefram, trygt og fritt
        eg fraa Hjarta mitt
        kann segja deg detta inn i ditt.

Og so vil eg ynskja til Slutt inkje anna
enn Kveld-Sol med Lukka og Fred um di Panna.

av Per Sivle.


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.