Øverlands-Guten

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det sku vera Vaar,
        men det syntest kje so;
for enn var det Vetter
        med Frost og med Snjo,
og Fórnaudi meintruga
Kui og Sauden
        paa hardaste Livet
        med Svolten og Dauden.
- "Ja, høyr no meg," sa Øverlands-Guten,
        "bi no lite-vetta!"

Og Vaaren han kom
        som ei Solvelte-Fonn;
og so vart det Sumar,
        og so vart det Onn.
Og Teigen laag slegen
og venta paa Terre;
        men Regnet det sila
        alt verre og verre.
"Ja, høyr no meg," sa Øverlands-Guten,
        "bi no lite-vetta!"

Og Viljans-Vêr høvdest,
        og løda vart full,
og Aakren gav Aks
        som det skiraste Gull.
- Og Verdi, ho peikar
so ofta i Villa.
        Men naar det so tédde seg
        verre enn illa:
"Ja, høyr no meg," sa Øverlands-Guten,
        "bi no lite-vetta!"

- Og Noreg gjekk stauka
        i Vaarbløyte-Rusk
og helsast med Vanvyrd
        og nørdest med Fusk.
Og sume dei sukka,
og sume dei banna ;
        og ein vilde eitt
        og den andre eit anna.
- "Nei, høyr no meg," sa Øverlands-Guten,
        "bi no lite-vetta."

av Per Sivle.


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.