Bein

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Hundar so er det
um kvart eit Bein,
um ogso det ligg
i ein Rennestein.

Sulkut og sleipt
og gnege paa,
— Hundar so slæst dei
um det endaa.

For Hundar dei ser seg
Nytte i Bein,
og bryr seg so lite,
um Maten er rein.

Og sælt er det Land,
som eig Hundar og Bein,
og hev seg so dertil
ein Rennestein.

Noreg hev Hundar,
og Noreg hev Bein,
Noreg hev jamvel
sin Rennestein.

Og difor er Noreg
so stort og so sælt,
at sume tykkjer,
det reintut er fælt.

Og Hundarne bitast,
og Hundarne gøyr,
og Beinet det ligg
i Rennesteins-Søyr.

Men medan dei slæst,
er det ein, som sit still:
han ser paa, han ventar,
han veit, kva han vil.

Og sløgaste Hunden
fær alltid sitt Bein;
han tek det so hugheilt
or Rennestein.




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png