Ramn

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det ligg ei Sletta
       i Solarglad
strøydd utav Lik
       i Kross og i Rad,
       — Lik attmed Lik,
med brostne Augo
       og knytte Nevar.
Og Munnar gaper,
       og Dauden tevar.
Og ovantil krinsar
       ein svart ein og skrik.

Blod utan Puls
       og Kjøt utan Sjæl
burtyver Land
       og hityver Lende.
Og ovantil krinsar
       fram og attende
kring yver Valen
       ein svart ein og gjel.
— Det er Ramn, det er Ramn,
       det er Valramn!

* * *

Aa haa, det var derifraa
       Vinden bles,
at det er framfyr Maten
       du syng og les!
— For til Gjestabods-Bord
       av glupaste Slag
er du boden i Gilde
       hjaa Dauden idag.
Der er duka med raudt,
       der er diska til Fest
med alle dei Retter,
       som smakar deg best.
Der er inkje Trot
       paa Lever og Lunga,
Nyra og Hjarta,
       Auga og Tunga,
og Blod til Borddrikka
       attaat du faar,
skjenkt deg i djupe,
       breddfulle Saar,
— og alt so paalag
       millom rote og raatt,
slik som det plagar
       deg smaka so godt,
du Ramn, du Ramn, du Valramn!

* * *

Og Ramnen flyg
       yver Manna-Heim.
Og berre av Fysna
       so gjel han og skrik,
imedan han syp
       av den rotne Eim,
som stig i Veret
       fraa Lik attmed Lik:
av Viljen, som døydde,
       avdi at han smaug,
av Tunga, som døydde,
       avdi at ho laug,
av Hjarta, som døydde,
       avdi det vart kaldt,
av Barnet, som døydde,
       avdi at det svalt.
Dei ligg dernede
       ved Allfare-Veg,
— dei ligg nednede
       og biar paa deg,
du Ramn, du Ramn, du Valramn!

* * *

Og naar det so lid
       til den siste Dag,
og Dauden hev vunne
       sitt sista Slag,
daa lyt du syngja
       i Likstova fyrst.
Men som du so fulla
       vert svolten og tyrst,
so atter du gjeng
       til eit Gjestabods-Bord,
ditt rikaste reidde,
       ditt sista paa Jord,
du Ramn, du Ramn, du Valramn!

av Per Sivle.




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.