Solkverv

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Ljost fyre og myrkt bak!
       Greid Skuring og klaar Sak:
Ljost fyre og myrkt bak!
Og Snjo-Kaven skreik: „Soli er daud!“
       Og Dimma aukade paa etter kvart.
Og Vetren var so lang og so aud.
Og Notti vart so lang og so svart.
Men so fekk me Solkverv
innunder Jol.
       Og Joli, ho kom
       med aukande Sol.
— Det ljosnar, det ljosnar kvar evige Dag!
       Det ljosnar, det ljosnar
              kvar evige Dag!

Ljost fyre og myrkt bak!
       Greid Skuring og klaar Sak:
Tru fyre og Tvil bak!
Og Helvite skreik: „Himlen er daud!“
Og Tvilen aukade paa etter kvart.
Og Verdi vart so myrk og so aud.
       Og Hugen vart so tung og so svart.

Men so fekk me Solkverv
innunder Jol.
       Og Joli, ho kom
       med Tru og med Sol.
— Det ljosnar, det ljosnar kvar evige Dag!
       Det ljosnar, det ljosnar
              kvar evige Dag!

Ljost fyre og myrkt bak!
       Greid Skuring og klaar Sak:
Vilje fyre og Vim bak!
Og Hugsotti skreik: „Viljen er daud!“
       Og Dugløysa voks di meir etter kvart.
Og ingen lydde, der ingen baud.
       Og inkjevetta av allting vart.
Men so fekk me Solkverv
innunder Jol.
       Og Joli, ho kom
       med Vilje og Sol.
— Det ljosnar, det ljosnar kvar evige Dag!
       Det ljosnar, det ljosnar
              kvar evige Dag!

Ljost fyre og myrkt bak!
       Greid Skuring og klaar Sak:
Vaar fyre og Haust bak!
Og Vetren skreik: „Vaaren er daud!“
       Og Kulden aukade paa etter kvart.
Og Sporven fraus og leid Svoltar-Naud.
       Og Verdi var ufjelg og Livet svart.

Men so fekk me Solkverv
innunder Jol.
       Og Soli gjev Vaar,
       som Joli gav Sol.
— Det ljosnar, det ljosnar kvar evige Dag!
       Det ljosnar, det ljosnar
       kvar evige Dag!




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png